mandag 13. februar 2012

Flyfoto frå Skjåk

Skråfoto frå Skjåk i 1963

Bismo - Turrstad i 1963
Arkivet inneheld 218 skråfoto frå Skjåk (og Lom) kommune. Bileta er tekne av Widerøe's flyselskap A/S i 1963.

Bileta er digitalisert frå små papirkopier for å gjere det lettare å sjå kva som er i arkivet. Det er ikkje lagt vekt på å lage gode kopiar, så enkelte bilete vil ha refleksjonar etter plastomslag. Det er òg gjort automatisk fargejustering på bileta.


Registreringskort og papirkopier er deponert ved fylkesarkivet i Oppland. Negativane er enno i Skjåk kommune.

Her kan du bla i arkivet.