torsdag 4. oktober 2018

Synfaring ved Bångråttjønna

Måndag den 8. oktober blir det synfaring ved Bångråttjønn med tanke på ei eventuell flytting av Fel-Jakupstugu og støtta til den andre sida av tjønna.

Den tenkte tomta blir vist fram og tankar om korleis flyttinga kan skje vil bli lagt fram. Det vert og høve til å koma inn i stugu. Alle interesserte er velkomne.

Fel-Jakupstugu. Foto: Hans P. Hosar

tirsdag 3. juli 2018

Publikasjonar


torsdag 15. mars 2018

Årsmøte i Skjåk Historielag



Stad: Skjåk Turistheim
Tid: Tysdag 10. april kl. 19.30
1. Vanlege årsmøtesaker.
2. Underhaldning: Forfattaren Thor Gotaas vil halde eit foredrag om loffarar
3. Servering

mandag 26. februar 2018

Stor interesse for bileta våre


Frå Ofossen ysteri ca. 1917. Foto: Kristian Stakston


Historielaget takkar for interessa for bileta vi har lagt ut på Digitaltmuseum


Det kjem til uttrykk ved mange kommentarar, rettingar og tillegg. Dette er svært verdfullt i arbeidet med datering og namning av bileta. Vi gjer merksam på at nesten heile fotosamlinga etter Kristian Stakston no ligg ute.

Det er ein del bilete som vi må få digitalisert på nytt. Desse vil bli lagt ut etter kvart. Nokre bilete er og sperra pga skadar på dei originale glasplatene. Det same gjeld enkelte bilete der motivet er av ein slik karakter at pårørande bør få ha eit ord med i laget. I stor grad gjeld det avbilda personar i open kiste. Det er og ein del bilete med store folkehopar som ikkje er så enkle å namne.

Kopiar av desse vil i neste omgang bli merka med nummer som svarar til dei nummerlistene som er registrerte i dei enkelte bilete. Resultatet av dette vert så lagt inn som  bilete nummer 2 bak det som alt ligg inne i registreringane. Historielaget har kopiar med nummer på, så skulle du ynskje å sjå dei eller få dei tilsendt medan du ventar, kan du ta kontakt.

Bileta ligg på nettsida DigitaltMuseum:
Skriv inn OANS i søkjefeltet, og du får fram bilete frå Skjåk.