Historielaget takkar
for interessa for bileta vi har lagt ut på Digitaltmuseum Det kjem til
uttrykk ved mange kommentarar, rettingar og tillegg. Dette er svært verdfullt i
arbeidet med datering og namning av bileta. Vi gjer merksam på at nesten heile
fotosamlinga som Skjåk Historielag har er lagt ut på nettet. Det er over 15000
bilete.
Fotosamlinga har sitt
opphav i større samlingar etter fotografar. Dei fleste bileta kjem likevel frå
album og enkeltbilete levert av private personar i Skjåk. Ein del bilete har vi
fått, andre har vi lånt. Større samlingar av bilete som er brukt i bøker eller
som registreringar har historielagt fått som digitale filer eller som positiv.
Det meste er lagt inn i Primus. Dette er den fotobasa som er mest brukt av
musea i Noreg.
Nokre bilete er og
unnateke offentleggjering pga.skada originalar. Det same gjeld enkelte bilete
der motivet er av ein slik karakter at pårørande bør få ha eit ord med i laget.
I stor grad gjeld det avbilda personar i open kiste. Vi har og fått inn biletseriar
der motivet er fotografert frå ulike vinklar, men elles er dei svært like. Eit
utval er her lagt ut, men ikkje alle. Det er ein del bilete med store
folkehopar som ikkje er så enkle å namne. Kopiar av desse vil i neste omgang
bli merka med nummer som svarar til dei nummerlistene som er registrerte i dei
enkelte bilete. Resultatet av dette vert så lagt inn som bilete nummer 2
bak det som alt ligg inne i registreringane. Historielaget har kopiar med
nummer på, så skulle du ynskje å sjå dei, eller få dei tilsendt medan du
ventar, kan du ta kontakt. Bileta kan du finne ved å trykke denne lenka.
Skriv inn OANS i
søkefeltet, og du får fram bilete frå Skjåk. Ved å søke på namn eller stadnamn
i tillegg kan du innsnevre søket. Når du søker i denne basa kan du ved å setja
inn søkeord som Skjåk utan å ta med OANS finne bilete i mange
biletsamlingar rundt i heile landet der ordet Skjåk er med i
registreringa. Hugs at du bør sjekke kva som er lov å bruke biletet til før du
lastar det ned og brukar det offentleg - både når det gjeld trykt versjon eller
på nettet. Kva for klausul som gjeld det enkelte biletet står som regel i
registreringane under motivet. Er du usikker kan det løne seg å kontakte
institusjonen som eig biletet.