onsdag 26. mars 2025
Stor interesse for bileta våre
Er du på leiting etter bilete frå Skjåk eller eit større område?
Emneord:
digitaltmuseum
tirsdag 4. mars 2025
Hugs du kan bestille bilete hjå historielaget
Informasjon om biletsamlinga vår
Vi takkar for den store interessa personar frå nær og fjern viser biletsamlinga vår på Digitaltmuseum. Det kjem til uttrykk ved tingingar og korrigeringar.
Vi får og namna personar og hendingar som tidlegare var ukjende for oss. Vi har no kome så langt at vi må ta betaling for arbeidet med skanning og overføring av bilete til tingarane. Prisen er avhengig av arbeidsmengda som går med, og kva biletet skal brukast til.
Søketips finn du her:
![]() |
| Skjåk: Paktarfamilien på prestgarden i 1915 |
fredag 22. november 2019
Flyfoto frå Skjåk på nettet
I 1963 gjennomførte Widerøe flyselskap ei fotografering av gardar og tettstadar i Skjåk. Skjåk kommune fekk i si tid høve til å kjøpe dette materialet.
I dag er det plassert i Fylkesarkivet på Lillehammer, og det er der negativa er skanna. Skjåk historielag har fått løyve til å legge ut bileta. Historielaget har gått i gjennom desse registreringane og retta opp feil og manglar. Når du er inne på sida kan du ved å peike på biletet sjå namnet på staden som er avbilda. I tillegg kan du søke på garden eller staden i søkefeltet på toppen av skjermbiletet.
![]() |
| Flyfoto frå 1963 av garden Lindsheim På Digitaltmuseum finn du skråbilete og nokre andre flyfoto frå Skjåk. I søknadsfeltet skriv du: OANS-% Flyfoto |
Emneord:
Flyfoto
onsdag 11. desember 2013
Bildegalleri
Abonner på:
Kommentarer (Atom)


