onsdag 13. februar 2019



Frå 50-talet i Skjåk: To traktorar utstilt i samband med eit fesjå på Ånstadøyaa. Foto: Knut Hol

Denne etterjulsvinteren legg Skjåk Historielag ut fleire bilete på Digitaltmuseum

Det er ca 100 bilete som Knut Hol tok medan han var prest i Skjåk og gamle bilete historielaget har fått som gåve eller fått kopiere frå private fotosamlingar i Skjåk og andre stadar.

Nokre av dei er alt brukt i Skjåkkalenderen, men dei fleste er nye for svært mange. Vi håpar dette kan vere til glede for både innanbygdsbuande og folk som bur andre stadar. Som tidlegare, ynskjer vi utfyllande opplysningar og korrigeringar til bileta. For oss er det ei viktig årsak til at vi offentleggjer bileta på denne måten. Det kan gjera denne kulturarven enno meir verdfull for ettertida.

Tusen takk til alle dykk som har gjeve oss bilete som vi kan vere med å ta vare på for ettertida.