fredag 10. februar 2017

Digitalt Museum - her finn du gamle bilete frå Skjåk


Arbeidet med å få lagt ut fleire bilete på Digitaltmuseum er no i gang att. Vi vil gjere merksam på at bilete med mange menneske er numrerte med tal frå ein og oppover. Desse er ikkje enkle å finne på biletet utan vidare.

Vi arbeider no med å få lagt inn ein kopi av biletet med nummer på den enkelte person slik at det vert mogleg å identifisert personane ut i frå namnelistene. Vi ber om forståing for at dette tek litt tid, men det vil koma etter kvart. Det er og enkelte bilete der det er vist til andre bilete av same person eller motiv. I mange høve er desse ikkje lagt inn enno, men dei vil koma i tur og orden.

Her er eit bilete som blir å finne på Digitalt Museum:

Skjåk 1926: Framhaldskulen skal ut på tur
















Søketips Digitalt Museum
  • Gå til nettsida til Digitalt Museum: https://digitaltmuseum.no/
  • Bruk søkefeltet øvst til venstre
  • Skriv OANS i søkefeltet og du vil få treff på alle bilete som lokalarkivet i Skjåk har lagt inn.(OANS står for Opplandsarkivet norddalsarkivet Skjåk)
  • Bak søkeboksen finn du utvida søk. Ved å bruke dette alternativet kan du søke på emneord, fritekst, fotograf mm
  • I feltet fritekst kan du søke etter personar som er avbilda på  bileta. Emneord kan vere så mykje, men bruk helst fleirtalsforma av søkeordet, t.d. setrar i staden for seter, gardar i staden for gard. Alternativt kan du om du er usikker skrive t.d. gard*.
  • Dersom du berre vil søke etter bilete i Stakstonsamlinga kan du skrive inn Kristian Stakston under fotograf i utvida søk samt fyll ut andre søkefelt. Det er berre å  prøve seg fram.