tirsdag 24. mai 2016

Invitasjon - vil du vere med til Oppdal?

Skjåk Historielag arrangerer tur 11. juni


Program

  • Kl 08.00 - Avreise frå Bismo. Vi organiserer samkøyring i privatbilar.
  • Kl 11.30 - Oppdal kyrkje (frå1651) og Raulåna. Denne stova vart bygt som overnattingsstad for kongar og andre vegfarande. Her møter vi omvisaren Tor Snøve, han har lokal kunnskap blant anna gjennom restaureringsarbeid for riksantikvaren. I kyrkja vil det bli song ved Gunvor Fagerhaug Gustavsen.
  • Kl 12.30 - Gravfeltet på Vang er Noregs største gravfelt med over 750 registrerte gravhaugar. Her møter vi omvisaren Anne Lise Fløttum. Ho er arkeolog og har skrive ei hovudfagoppgåve om gravfeltet.
  • Kl 13.30 -  Oppdal bygdemuseum. Tor Snøve viser oss rundt etter ei kaffipause.
  • På heimturen vert det høve til  å gå Vårstigen for den som ynskjer det. Dette er ein kjend historisk veg med mykje informasjon om dei som brukte vegen. Dei som ikkje ynskjer å gå den 5 km lange stigen, får høve til å reise heimover. 

Pris

Omvisingar og inngangsbillettar - kr 100 pr. person.


Meld deg på til:

  • Ole Håve, tlf 415 59 176
  • Stein Grjotheim, tlf 970 57 215

Påmeldingsfrist er 5. juni.