tirsdag 3. november 2015

Fotosamlinga til historielaget skal leggast ut på nett

Skjåk historielag i samarbeid med Norddalsarkivet avd. Skjåk 

Arbeidet med å digitalisere og legge ut bilete med informasjon er i full gang. Nye bilete vil bli lagt til jamt og trutt. No kan du søke etter gamle bilete frå Skjåk på nettsida til Digitalt Museum.

Det er viktig å merke seg at enkelte fotoregistreringar vert lagt ut utan foto. Det kan vere bilete som av ulike årsaker er klausulerte. Desse er tilgjengelege på biblioteket. Vi gjer og merksam på at bileta som er lagt ut på nettet er i låg oppløysing. Dersom nokon ynskjer bilete til bruk i trykksaker eller privat, ber vi om de tek kontakt med lokalarkivet for lån/skanning i høg oppløysing.

Kristian Stakston

I fyrste omgang er det fotosamlinga etter Kristian Stakston som vert lagt ut. Denne er det Skjåk historielag som eig og har full råderett over. 

Dersom nokon finn  feil eller har ny informasjon om bileta er vi svært takksame for å få inn slike korrigeringar. For å få biletet større kan du klikke på miniatyrbiletet som kjem fram. Da vil du og finne eit kommentarfelt til høgre som kan nyttast til sende inn opplysningar om biletet.

Skjåk historielag har om lag 13 000 bilete i samlinga si.

Hausten 1945. Frå fotosamlinga til Skjåk historielag

Søketips

  • Gå til nettsida til Digitalt Museum: https://digitaltmuseum.no/
  • Bruk søkefeltet øvst til venstre
  • Skriv «OANS-%» i søkefeltet og du vil få treff på alle bilete som lokalarkivet i Skjåk har lagt inn.(OANS står for Opplandsarkivet norddalsarkivet Skjåk)
  • Bak søkeboksen finn du utvida søk. Ved å bruke dette alternativet kan du søke på emneord, fritekst, fotograf mm
  • I feltet fritekst kan du søke etter personar som er avbilda på  bileta. Emneord kan vere så mykje, men bruk helst fleirtalsforma av søkeordet, t.d. setrar i staden for seter, gardar i staden for gard. Alternativt kan du om du er usikker skrive t.d. gard*.
  • Dersom du berre vil søke etter bilete i Stakstonsamlinga kan du skrive inn Kristian Stakston under fotograf i utvida søk samt fyll ut andre søkefelt. Det er berre å  prøve seg fram.

Kontakt oss
Dersom du ynskjer hjelp kan du ta kontakt med:


  • Stein Grjotheim tlf. 970 57 215, 

eller gjer avtale om besøk på Skjåk folkebibliotek.



Kven var Kristian Stakston?