mandag 2. april 2012

Årsmøte



Ola Klepp - god til å
fortelje og god til å "hulle"

Runa Aurmo, Arne Øverli
 og Synne Marita Øverli
                  
Frå årsmøtet på Skjåk turistheim 25/03-12. Ola Klepp med fylgje fortalde og framførte emigrantviser og songar i tradisjon etter Hans Klepp. Flinke folk!



Årsmelding 2011 - Skjåk historielag

Førre årsmøte var i Gjeilo skule. I tillegg til årsmøtesakene hadde Ivar Teigum kåseri og synte bilete frå si reise i Engeland der han søkte Blackwell-folket som var på Klones.

Styret har siste året vore Håkon Ørjasæter, Sylfest Lykre, Sigrun Eide, Stein Grjotheim og Ola Skrinde. Det har vore fire styremøter, og deler av styret var på ein tur tilLesja for å bli orientert om Snøhetta sitt opplegg for vidareføring av Ætteboka.


Siste året hadde 85 betalt medlemskontingent, som er på kr 100.

Lokalsamlinga på biblioteket er senteret for vår verksemd, der er Sylfest, der har vi styremøta, der er fotoarkivet og møta i fotogruppa. Dette er ei god ordning for laget. Det har og dette året vore felles arrangement med biblioteket, og vi er glade for samarbeidet vi har med bibliotekarane som vi ser til dagleg slit med liten plass.

Arbeidet i laget siste året har vel vore på det jamne, det er heile tida mykje som skulle vore gjort, og problemet er til kvar tid å prioritere ut frå disponible ressursar.

Nemndene som står for Kvelds-seto og Kalender har som vanleg gjort godt arbeid, salet har gått bra.

Fotogruppa har møte kvar torsdag unnateke sommarmånadane. Dei tek gjerne imot bilete, også av nyare dato.

Det er vore eit kurs i slektsgransking ved Tor Stallvik, og vi hadde ein kveld der Jan Marstein gjekk gjennom slekts-programmet EMBLA.

På siste årsmøte var vi einige om å selja Løyndebru, men da vi starta arbeidet med å ordne salet, vart det av ein slektning reist spørsmål omkring testamentet. Styret har lagt saka på vent, medan vi vurderer alternativa.

Vi har fleire saker som går att. Vidareføring av Ætteboka er av desse. Slik det ser ut no, må ein få teke avskrift og gjort søkbare både kyrkjebøkene og kanskje andre dokument før ein går vidare. Til no er det Tore Odden saman med Sylfest Lykre og Kåre Auale som kontrollør, som driv dette arbeidet. Her skulle vi gjerne fått med fleire.

For å prøve å fylje med i tida har heimeside vore på ynskjelista. No har styret fått oppretta ein blogg, denne skal vera enklare å drifte og dekkjer det vi har bruk for.

Etter at Hans Agneberg vart borte, trekte ungdomslaget Fram seg frå Ottadals-samarbeidet med Diktardagar. Historielaget vart spurt om å gå inn i staden slik at Skjåk fortsatt vart med. Det er på grensa av våre interesser, men vi valte likevel å delta inntil anna alternativ er funne, på vilkår av at det er utan kostnad for laget. Stiftingsmøte 3.april.

Rekneskapen syner eit underskot på kroner 2001. For framtida vonar vi å få til ei fast tilskotsordning for arbeidet med fotoarkivet frå Gudbrandsdalsmusea. Sylfest fungerer som kasserar men sjølve føringa er bortsett.